søndag 22. november 2009

Gullkorn om senterpartiet

"Jeg synes det er litt ensidig kosthold i Senterpartiet. De svelger bare kameler."

- Kristin Halvorsen



"Det fine med Senterpartiet er at de ikke mener det samme om to år som de mener nå."

- Per-Kristian Foss



"Senterpartiet sier nei til absolutt alt nytt. Det står for meg som et under at folk i Senterpartiet overhodet kan bli gift. Da må de jo si ja. Antakelig må presten på en eller annen måte stille spørsmålet omvendt."

- John Kvadsheim, tidligere sjefredaktør i Nationen

fredag 20. november 2009

Gullkorn

I Italia hadde de 30 år med krig, terror, drap og vold. De produserte Michelangelo, Leonardo da Vinci og renessansen. I Sveits har de hatt brøderlig kjærlighet, 500 år med demokrati og fred og hva har de produsert? Gjøkuret.

- Orson Welles

torsdag 19. november 2009

Kven er smartast i landet her?

For ei stund sidan kunna alle som ville å testa sin IQ på nrk sin nettstad. I tillegg til å ta testen, svarte folk på nokon spørsmåk som fortalte litt om kven dei var. Etter 72 000 besvarelser har NRK komt fram til desse tala:

Sør-Trøndelag har høgst IQ, Sogn og Fjordane er nummer 2.

Fylkesoversikt


Dei gamle veit best?

 Aldersfordeling

Sogndal sine supportarar har høgst IQ! Utan tvil! Dette hadde eg aldri trudd......

Fotballtilhengernes IQ
Folk som røyker har lavere IQ. Og folk som drikker regelmessig eller ofte har klart høgare IQ enn dei som drikk sjeldan eller aldri... Ingen sjokk! ;)

IQ etter alkohol- og røykforbruk

All grafikk er henta frå NRK sin nettstad.

Du lurar kanskje på kva din IQ er? På nettstaden til mensa ligg det ein test du kan bruke. Testen tar 25 minutter. For å bli medlem i Mensa må du ha ei IQ på minst 131.
Visste du at...
  • en IQ på 100 er medianen og snittet?
  • 68 % av befolkninga har en IQ mellom 85 og 115?
  • 96 % av befolkninga har ein IQ mellom 70 og 130?
  • Dersom du har en IQ på under 55 kan du vere strafferettslig utilregnelig?
  • Albert Einstein hadde en IQ på 160?
  • Leonardo Da Vinci hadde en IQ på 180?
  • det er ei dame ved navn Marilyn vos Savant som viss nok har høgst IQ? Ho skal ha en IQ som ligg mellom 224 og 228...

Har du sjekka din? :-) Eg har...

fredag 21. august 2009

Erna og Høgre i siget!

Go Erna! Go Erna! Go Erna!

Erna er virkelig i siget for tida og det gledar eit høgrehjarte som mitt!
Eg har virkelig trua på at vi kan få betre vegar her i landet!
Eg har virkelig trua på at vi kan gjere som vi gjorde sist, få ned mobbetalla i norsk skule!
Eg har virkelig trua på at vi kan gjere som vi gjorde sist, få ned helsekøane.

Høgre har fått landet på riktig kurs før! La oss gjere det igjen!

Stem Høgre! :)

onsdag 19. august 2009

10 grunnar til å ikkje stemme raudgrønt!

AP, SV og SP har snart styrt i 4 år. Dei har hatt fleirtall. Dei lovde å vere stabile, styringsdyktige og ha evna til å føre Noreg vidare. Vel... Allereie no er vi oppe i 3 løftebrudd. I tillegg til desse 3 vart det presentert 88 løftebrudd tidligare i år. Løftebruddregjeringa. Dette kallenavnet var det ikkje politikarane som kom på, men avisene sjølve.

10 enkle og gode grunnar for kvifor dei raudgrøne ikkje bør få stemma di ved årets valg:

1. Helsekøane veks.

2. Manglande resultat på samferdsle.

3. Manglande satsning på utdanning og forskning.

4. Rekordmange arbeidsledige.

5. Økte skattar fører endå fleire ut i ledighet

6. Svikt i asylpolitikken

7. Kriminalitetsutviklinga går feil veg

8. Politisk styrt kulturliv og frivillig sektor

9. Svikt i energi- og industripoltikken

10. Privat allergi

Nok er nok! Vi treng ei ny regjering!

Husk å stem! :-)

lørdag 15. august 2009

Utsikt

Her har du då utsikta fra kjøkkenvinduet vårt.


Slangen er døypt Konrad.

onsdag 12. august 2009

Bergen!

Då eg komt på plass i Bergen. Blitt litt lite med oppdateringer, men satser på å komme i gang igjen etter helga :-)

Vi har forresten en falsk slange hengande ned fra takrenna vår utanfor kjøkkenvinduet. Nice. Bilde kjem.

Har vært 3 ganger på fløyen også. Bra turplass.

onsdag 5. august 2009

Aktiv dødshjelp

Aktiv dødshjelp (eutanasi) er ei av dei sakene eg tenkjer mykje på. Ikkje fordi eg er keen på det sjølv, men fordi dei er ei skikkelig nøtt. Som dei fleste fekk med seg gikk FrP inn for at aktiv dødshjelp skal bli tillatt i Noreg. Eg deler ikkje det standpunktet. Det kan vere lett for meg å seie det sidan det ikkje er meg eller mine det er snakk om, men kanskje det er akkurat det som trengs i denne saka? At det er folk som ikkje er direkte råka som fører ann i debatten? Sjølvsagt skal vi ta i mot råd frå folk som har erfaringar, men å la dette blir førande for debatten trur eg vil vere uheldig.

Dessutan er er dette eigentlig eit spørsmål som rører ved oss alle. Kva for eit samfunn vil vi ha?

Kva signal sender vi ved å tillate aktiv dødshjelp? Viser vi respekt for menneskeverdet, eller viser vi forakt ved å tillate aktiv dødshjelp? Mitt syn er at samfunnet må aldri godta at nokon tar sitt eige eller andre sitt liv. Kva grenser skal vi sette for eit slikt drastisk tiltak? Kven ska ha det siste ordet? Eit system der ein søknad må bli behandla av ein komitè, vil jo ikkje føre til at det er den sjuke sjølv si vilje som rådar. Pasienten sitt ynskje vil bli vurdert og avgjort av andre. Byråkratiet får det siste ordet.

Sogn og Fjordane Sosialistisk Ungdom er for aktiv dødshjelp. SFj SU skal har skryt for at dei er med på å belyse denne viktige saken. På sin blogg skriv dei at "Vi treng like strenge reglar som i Nederland". Mange viser til Nederland i denne saken. Vel, det viser jo seg også at 1 av 5 som fekk utført aktiv dødshjelp i Nederland aldri ba om det. Det er berre ein av tre legar som rapporterer utført aktiv dødshjelp også. Kva tillit har ein til eit slikt system? Eit skritt i feil retning, spør du meg.

På Sogn og Fjordane SU sin blogg kan ein også lese at dei ynskjer at aktiv dødshjelp skal kunne gis som alternativ til foreldrene som har små barn med heilt spesielle og smertelege sjukdomar, f.eks: "Nyfødde born med ein sjeldan tilstand der morsmjølka omdannar seg til ammoniakk i kroppen kan leve i fleire dagar med særdeles smertefull ammoniakkforgifting, medan foreldra går og ventar på at barnet skal døy."

Her er det ikkje lengre snakk om enkeltmennesket sitt ynskje om å dø, men at andre personer skal bestemme over livet til eit lite barn. Berre fordi ein er foreldre til eit barn, betyr det ikkje at ein har rett til å kunne ta livet i frå det bornet. Uansett. Og kor skal grensene gå? Dette minner meg mykje om abort, berre at den blir utført etter at barnet er født. Endå eit skritt i feil retning...

Ein dødsprosses kan vere smertefull. Det er forståelig at folk gjerne blir redd når ein har fått ei alvorlig diagnose. Kva vil skje? Vil eg ha smerte? Det er ei kjennsgjerning at det å uttrykke ønske om å dø gjerne kan vere uttrykk for heilt andre ting. Eg har fleire spørsmål enn svar i denne saka. Det er også difor eg er i mot aktiv dødshjelp. Eg følar ikkje at sikkerheten er god nok. Den norske lægeforening har et klart standpunkt: Aktiv dødshjelp er ikkje noke norske legar bør bedrive. Dei er redd for at ved å gi pasienten muligheten til å bestemme sjølv, tror dei nokon vil føle seg forplikta til å be om at livet blir avslutta. Enkelte eldre føler at dei er ein økonomisk byrde for sine pårørande og samfunnet. Dette vil igjen føre til tvil. Ynskjer dei verkeleg å dø eller er det andre motiv som ligg bak?

"Aktiv dødshjelp er ikkje noke norske legar bør bedrive."



For meg er dette snakk om kva for veg vi ynskjer samfunnet vårt skal gå. Skal vi sei at det er ok å ta liv, eller skal i forsette i søken etter ny viten og kunnskap som kan hjelpe pasienter i denne situasjonen?

Om vi skal tillate aktiv dødshjelp er berre eit av mange vegval vi må ta. Kvar fører denne vegen hen? Aktiv dødshjelp har vært lov i Nederland sidan 1984. 10år etter legaliseringa, i 1994, godkjente høgsterett i Nederland at ei kvinne fekk aktiv dødshjelp på grunnlag av psykisk sjukdom. Fysisk var ho heilt frisk, men ho hadde mista begge sønane sine. Ho hadde inget mål eller meining i livet lengre. Eg er sjølvsagt klar over at det ikkje er dette vi ynskjer å få innført i Noreg, men det var ikkje slik det starta i Nederland heller. I Nederland har mennsker som ville ha blitt invadilisert av ein livreddane operasjon, men som ikkje ønska å leve resten av livet som invalid, fått dødssprøyta. HIV-positive uten symptom på AIDS har fått aktiv dødshjelp. Det er også dokumentert at eit to dager gammel baby med downs syndrom fekk aktiv dødshjelp. En nyfødt gutt fekk også utført aktiv dødshjelp pga en einaste skavanke; eit misdanna kjønnsorgan. Foreldra og legen meinte at han ville få så redursert livskvalitet at dette var riktig...

Eg håpar og trur verkeleg ikkje at norske legar hadde dreve, men det er jo eit tankekors at det har utvikla seg slik i foregangslandet, Nederland?

Aktiv dødshjelp er det første steget i feil retning. Mange små skritt blir også mil, til slutt...

tirsdag 4. august 2009

Kulturkræsj!

Fekk tilsendt ein link til eit klipp av ein kompis på msn i går kveld. Klippet viser et rituale som har pågått i India i over 700år. Eg vart forbanna. Ofte når eg ser ting som eg blir provosert over, prøvar eg å tenke at kulturforskjellen kan vere eit "forsvar". Alle har ikkje same kultur som oss og vi heller ikkje prøve å presse vår kultur og våre haldningar på andre, men dette er over streken.

Muslim, jøde, hinduist, buddist eller kristen - Du slepp ikkje et lite barn 15 meter ned frå taket på ein bygning og ned i eit laken. Det einaste hellet som kan komme ut av dette, er at barnet gløymer alt saman og ikkje får noke varig mèn av det.

Makan!

Ferietid...

Ah... Endelig. Ein dag igjen å jobbe, så er det ferie! Flytter til Bergen på fredag og ser virkelig fram til det. Har virkelig trua på at det blir eit bra år! :) Ser fram til å studere igjen. Året mitt i Forsvaret vart fantastisk kjekt, men å studere er kjekkare. Og då slepp eg felt. Det slepp eg uansett, forresten! ;)


Jordbærsesongen er over. Bringbær som gjelde no, helst utan mygl. Eg fekk med.
Eg som jobbar på butikk i feriane veit at det finst mange rare frukter. Sidan eg sitter i kassa, så må eg vite kva desse tinga er. Ikkje missforstå meg, eg skryt ikkje på meg god kjennskap til frukt og grønt no. Det har eg ikkje. Eg har ikkje peiling. For meg er det latterlig at det finst maaange ulike melontypar, og at vi må ha dei i vår butikk. Men men. Kundane vil ha det, derfor! Kundar vil ha mykje rart. Nokon kundar berre ha noko. Du har dei kundane som alltid kjøper eit flakslodd. Så har du dei som alltid kjøpar ein sjokolade. Du har dei som alltid kjøpar VG, Dagbladet eller Aftenposten. Nokon skal alltid ha kvitteringa og nokon vil aldri ha den. Nokon belaster alltid kontoen med runde summar. Og nokon berre må stjele kvar gang... Folk likar rutinar. Rutinar gjer ting enkelt.
Har du nokon rutiner når du er på butikk? Noko du berre må ha, eller noko du alltid gjer?

Eg har ingen rutiner. Derfor kjem eg heim med mykje rart. Spørs kva innfall eg fekk der og då.

Dessutan kjekt å sjå at fonda går bra om dagen!

fredag 31. juli 2009

Stortingsvalet og likgyldighet

Det nærmar seg stortingsval og det er på tide å gå å stemme. Eg har høyrt fleire sagt at dei ikkje skal stemme fordi dei driter i politikk, eller at dei ikkje har peiling på politikk. Det er trist å høyre slikt.

Eg meinar at alle bør stemme. Alle har peiling på politikk. Det å ha meiningar om politikk er ingen fagkompetanse. Politikk er ikkje nødvendigvis å kunne argumentere for kva parti som har gjort kva dei siste 10 åra, eller kven som har bevilga mest penger. Politikk er å ha meininga om korleis landet bør styrast. Er bensinprisen for høg? Bør frukt og grønt vere fritatt for moms? For eller i mot bomstasjonar? Bør pilsen bli billigare? Det er mange ting vi støtar på i kvardagen vår som blir påverka av politikk. Det er ikkje alle som er politiske nerdar og har meining om korleis helse-norge bør organiserast, men det er inget krav heller. For å vere med å støtte opp om demokratiet treng du ikkje å kunne argumentere for ditt politiske ståstad. Plukk ut nokre sakar DU meinar er viktig å ta deg ei lita googlerunde. Det er snakk om å setje av litt tid kvart 2.år. Det klarar vi alle :-)

Dersom du mot formodning ikkje skulle finne noko parti som passar deg, eller du av andre grunnar ikkje ynskjer å gi noko parti di stemme: Møt opp på valgdagen og stem blankt

Dersom du treng litt hjelp til å finne "ditt" parti, så kan Aftenpostens valgomat hjelpe deg litt på veg.

Avsluttar kvelden med eit dikt som er skriven av tyskaren Martin Niemöller. Det er viktig å bry seg!

Likgyldighet


Først tok de jødene
men jeg brydde meg ikke
for jeg var ikke jøde.

Deretter tok de kommunistene
men jeg brydde meg ikke
for jeg var ikke kommunist.

Så tok de fagforeningsfolkene
men jeg brydde meg ikke
for jeg var ikke fagforeningsmann.

Til slutt tok de meg.
Men da var det ingen igjen
til å bry seg.


God natt.

onsdag 29. juli 2009

Auka mobbing under dei raudgrøne!

Dei raudgrøne sviktar, igjen...





mandag 27. juli 2009

Gamle minner

I gamledagar då vi måtte lage fuktighetsmålaren sjølv. Britt prøvar seg, men får det ikkje til like bra som meg! ;) Takk til Sjur for gode råd og tips!

video

Punktum.

søndag 26. juli 2009

Dei beste kan også gjere feil...

Ein kunne lese på aftenposten.no at Høgre ynskja å gi gullmedaljer til 1.klassingar.

La ein ting vere klart! Gullmedalje? Gløym det! Gull er for dyrt!

Litt seriøst. Mitt kjære moderparti har nok tråkka feil her. Undersøkelser viser at innanfor utdanning har befolkninga stor tiltru til Høgre og Høgre sin politikk. Det er flott, og slik bør det vere! I sin iver etter å forbetre norsk skule, gløymer Høgre litt kva oppgaver vi som politikarar bør ha. Vi må ikkje gå i same fella som SV - ynskje om å regulere kvar ein minste ting.

Grenser for politikk!

Eg meinar at ikkje alt skal styrast og deffinerast av politikarane. Mitt forslag er difor meint til skuleleiarar, og ikkje som eit forslag som vi i Høgre skal trykke til vårt bryst og få innført ved alle landets skular.

Vi kan kanskje bruke delar av idèen til Høgre på dei lavare årstrinn? (1-7.klasse) Når eg studerte Engelsk ved HiSF, var klassen min på ein studietur til England der vi skulle sjå nærmare på den "engelske skulen". Ein av skulane hadde ein "Wall of fame". Elevar som hadde utmerka seg, fekk navnet sitt hengt opp på denne veggen. For ein som hadde problem med å halde kjæft i timane og arbeide, kunne det vere nok at han klarte å nettopp halde kjæft og arbeide godt i ein periode. Det var altså ikkje fastsette karakterkrav eller kompetansekrav for å komme på veggen, men ei individuell vurdering for kvar enkelt elev. Kven som kom på veggen var opplyst om på ei samling for heile skulen. Tilpassa opplæring.

Forslaget, slik det er presentert i AP, er ein tydelig inngrep i lærarens pedagogiske fagområde. Dette bør politikarane halde seg unna, og la dei som er utdanna pedagogar få vurdere. Det som passar til ein klasse, treng nødvendigvis ikkje å passe til ei anna. Nasjonalt gitte retningslinje i høve til pedagogikken blir derfor feil. Vi i Høgre skal legge til rette for at lærararane skal få styrka sin fagkompetanse. Vi skal vere med på å gi lærarane eit statusløft. Det gjer vi ved å ha tiltru til den faglige kompetansen som læraren har, og den vurderinga kvar enkelt lærar tar når han/ho går inn i eit klasserom og spør seg sjølv: Korleis skal eg få alle desse elevane til å lære best mogleg?

Kva hadde det neste blitt? Regjeringa bestemmer kva for bøker alle dei ulike alderstrinna skal bruke, for det er av nettopp desse elevane lærer best?

Missforstå meg ikkje.

Høgre er skuleparti nr.1 i Noreg. Høgre har fantastisk mange gode tiltak som vil forbetre norsk skule. Eg føreslær at Høgre held seg til alle desse gode tiltaka, men at dei forsetter med idèutviklinga for å skape ein endå betre skule. Der sviktar dei raudgrøne.


Punktum.

Velkommen til min nye blogg!

Hei og velkommen til min nye blogg!

Nokre av dykk huskar kanskje min gamle blogg? Vel, den dauva. Sjølv om den fekk nokre lesarar, så endte det med lite oppdateringar. No prøvar eg igjen!

På denne bloggen skal eg prøve å skrive og ta bilde av det som skjer i kvardagen min. Forhåpentlegvis blir det ein del å skrive om, no når eg flyttar til Bergen!
Eg skal også prøve å skrive om dagsaktuelle saker som opptar meg. Kjem til å poste nokon av innlegga frå den gamle bloggen min. Følg med vidare!

Det er agurktid, tydeligvis...! VG har lite å skrive om, og skriv difor om "Vrien matte på tusenfryd." Sjekk ut denne saken her. Lættis heile greia. Håper for VG si skyld at dette er eit produkt av litt for lause tøyler for ein ferievikar.

Punktum.